fredag 8. august 2014

Enda eit maritimt kort frå meg!


Då er det tilbake til kvardagen igjen. 
Vi har ikkje hatt den mest avslappande ferien i år. Eg har trakka opptil 28000 steg pr dag i ei heil veke, og det uten å ha besteget ein einaste fjelltopp.  
Kor eg har våre? Eg har våre på Norway Cup med twinsa mine. Eg var så heldig at eg fekk lov å vere vakt for dei flinke jentene :) Det er vel lov å skryte av og til, spesielt når ein gjer det bra :)
  Eg kom heim og trudde at heile veka hadde våre ein draum.
Det var heilt uvirkelig :)  
    Det første vi gjor når vi kom til Oslo og alle hadde kommet til skulen vi skulle sove på var å lage skjema for kvar dag. Planlegging er viktig! På fredag førte vi opp  "Finale i A-sluttspelet 
Åheim - ?", så lo vi litt :) 
Vi kom nemlig til finala i A-sluttspelet. Vi klarte ikkje å vinne gull, men vi var godt nøgde med resultatet for sølv er jammen ein god siger det og :)  
Av 84 jentelag så kom vi som nr. 2

Det har våre ein fantastisk sommar på alle måtar! :)

Håper du får ein fin fredag! 
Mvh Nina E

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar