tirsdag 22. desember 2015

Julekulekort?

For ein stond tilbake skulle vi vere med å dele bestemor sine eigendelar. I ei kasse med julepynt låg der nokre gamle kulen. Desse hadde borna hennar fått i julegåve då dei var små, og dei fortalde kor stolte dei hadde vore av desse kulene. Derfor fekk eg då ideen om å lage dette kortet.

 Egentlig er det ein boks, som då inneheld ein jultetrepynt til ein av dei eg er tante til Eg håpar at den vil følge ho på vegen gjennom livet, nett som julekulene som vi fant heime hjå bestemor.
Eg har ikkje brukt mykje pynt då det vil vere upraktisk å ha ein boks som ein ikkje kan pakke vekk.
Inni boksen brukte eg "rillepapp" for å beskytte julepynten.

Eg har og sett inn ein speledåse som spelar bjelleklang :) Sjå filmen helt nede

På ein bruktbutikk kom eg over ei stor bjelle som var tett i tett med små konglar som eg kjøpte for en 5'er ;)
 

Her er link til filmen som viser heile boksen, og spiledåsen eg har brukt inni:)  Du kan sjå den ved å trykker her

Under har eg lagt ved historia om julekulene i glass, som eg synes passa perferkt til ei slik gave <3

God jul, alle! :)