fredag 12. juni 2015

Då ventar eg på sommaren....

Eg har dei siste dagane har en ikkje kunna vore ute pga.
regn. Her er ikkje året kommet lenger enn til tidlig vår... 
Begredelige greier...
Heldigvis har eg noko kjekt å drive med når eg kjedar meg :)
 Eit sommarkort i blått - kan det vere fordi eg lengtar etter blå himmel? 
Eg har tru på det :)
 Håpar at denne sommaren blir like fin som den vi hadde i fjor. 
Den var berre fantastisk :)


Eg har et kjæringråd for det her veiret....
"Kjøpe ein tur til syden"
Eg trur vi berre må til med det!

Ha ein fine dag ;)

Eg deltek i desse utfordringane
Scrappehjertet - alt er lov

torsdag 11. juni 2015

Konfirmasjonskort til den andre tvillingjenta mi


Enda eit konfirmasjonskortet - til den eldste tvillingjenta mi :)

Brukte same mønsterark på dette kortet som det andre, men likevel
vart dei veldig forskjellige! 

Eg har brukt veldig mykje blomster, klarte ikkje stoppe ;) 

Ha ei fine natt :)

Eg deltek i desse utfordringane med kortet mitt :

onsdag 10. juni 2015

Konfirmasjonskort til eine tvillingjenta mi

Lenge sidan eg har hatt tid til å legge noko innpå her. 
Grunnen til det er at det er travelt å gå skule, og det at eg må pendle 3 timar 
kvar dag gjer det ikkje mindre travelt. Mellom eksamenst har eg og laga til konfirmasjon til 
tvillingjentene mine. 
No er eg ferdig med generell studiekompetanse, og det er eg jammen glad for!
 Her er konfirmasjonskortet eg laga til minste tvillingjenta mi, Kajsa. Ho er
 ikkje meir enn 1 minutt mindre, men det er akkurat nok til å vere minst :) 

Og det eg likte aller aller best med kortet var at ho som fekk det vart kjempeglade. 
Sjølv om eg hadde skrevet at gava var frå blant anna henne sjølv 😄
Slik er det kvelden før den store dagen :) 
Hadde alt for mange ting å tenke på :)
Haha :)



Her er dei to jentene mine :)

Eg deltek i desse utfordringane med kortet