tirsdag 17. juli 2012

Draumen min....

Eg har sove middag i dag - ikkje noko uvanlig fenomen, men i dag våkna eg av at eg gret. Eg gret fordi eg hadde vorte så gammal at eg ikkje lenger klarte meg sjøl. Eg var flytta på gamleheimen! 
Eg sat i ein stol mens folk hasta rundt meg, å ingen hadde tid til meg. Eg sat der med en forferdelig verk i ledda mine, det var uutholdelig! Eg prøvde å få kontakt med nokon, slik at eg kunne få medisinen min.  Stemma mi virka ikkje , å eg sat der å prøvde å svelge før å få stemma til å virke. Ingen ensa meg! Eg prøvde å stoppe dei med henda mine, å då la eg merke til at fingrane mine var krokete og fæle. Eg vart skremd av å vere så hjelpelaus. Gamala og helpelaus!!

 Eg kjende tårene renne! 
Eg sat der i stolen min, iført strikkejakke, skjørt, tjukk strømpebuksa, å på føtå hadde eg oldemor sine tøfler. Eg prøvde å røyse meg, men eg hadde ikkje krefter i armane mine, å ikkje ville beina mine lystre heller. Eg såg på dei som gjekk forbi, å ingen såg at eg trengte hjelp. Eg var plassert på gamleheimen på denne stolen for å døy, å det var ingen som brydde seg. Eg sat der på en frammande gamleheim der eg ikkje kjente nokon. Eg var gammal og helt åleine! Eg sat der med dei krokete fingrane i faget, klar i haude, med en kroppen som ikkje virka!

Då våkna eg! Eg gret! Det var en spesiell draum - kansje ein tankevekkar?

Eg har bestemt at i morgon skal eg ringe bestemora mi! Eg skal ringe å høyre kor ho har det! Mi kjære gamle bestemor som alltid berre har vore god med meg! No sit ho der åleine igjen, i huset som ho ikkje vil flytte i frå! Heimen sin, som betyr som mykje!

Mi kjære bestemor <3 


<3 som betyr så uendelig masse for meg 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar