fredag 29. august 2014

Scrapomania kitt

Desse arka i frå Pion er berre helt utrulig søte.
Her har eg henta teksten frå et ark som hadde mange fine ord til jenter.
Arket heiter "My Precious Daughter"
Kan brukast til konfirmasjon eller bursdagarkort.
Eg har to jenter som skal konfirmerast til våren, så det blir nok
laga kort frå mamsen med tekst frå desse fine Pionark :)
Å kor eg gleda meg!
Eg fekk mine her om var interessert i å sikre deg nokon!
:)
Ha ein super dag 
Nina E


onsdag 27. august 2014

Overraskelse frå Scrapomania i Ålesund

Endelig vart det tur til bya - Glede!!
Eg måtte sjølvklart innom dei kjekke damene på Scrapomania for å gjere
 ein liten handel :) Heldige meg fekk med meg månedskittet på kjøpet, og
 i det var det masse fint! 
Eg har jammen opna pakken ein del gongar for å sjå på alt de fine 
eg fekk med, og no har eg endelig hatt tid til å lage noko fint av det. 
Pionark er berre fantastiske <3
 Du finn masse fin inspirasjon om du stikk innom butikken deira, om ikkje så
 kan du sjekke ut bloggen. Eg går berre helt bananas når eg er innom der :)
Om de har lyst å prøve ut kitta eller noko anna på Scrapomania så kan eg
nemne at dei har fri frakt ut månden. 
Trykk på navnet så kjem du direkte til butikken.

Ha ein super haustdag!
Nina E


fredag 8. august 2014

Enda eit maritimt kort frå meg!


Då er det tilbake til kvardagen igjen. 
Vi har ikkje hatt den mest avslappande ferien i år. Eg har trakka opptil 28000 steg pr dag i ei heil veke, og det uten å ha besteget ein einaste fjelltopp.  
Kor eg har våre? Eg har våre på Norway Cup med twinsa mine. Eg var så heldig at eg fekk lov å vere vakt for dei flinke jentene :) Det er vel lov å skryte av og til, spesielt når ein gjer det bra :)
  Så vi kom heim trudde eg at heile veka hadde våre ein draum.
Det var heilt uvirkelig :)  
    Det første vi gjøre når alle hadde kommet til skulen vi skulle sove på, var å lage skjema for kvar dag. Planlegging er viktig! På fredag førte vi opp  "Finale i A-sluttspelet 
Åheim - ?", så lo vi litt :) 
Vi kom nemlig til finala i A-sluttspelet. Vi klarte ikkje å vinne gull, men vi var godt nøgde med resultatet, for sølv er jammen ein god siger det og :)  
Av 84 jentelag så kom vi som nr. 2

Det har våre ein fantastisk sommar på alle måtar! :)

Håper du får ein fin fredag! 
Mvh Nina E