onsdag 16. juli 2014

Maritimt sommarkort

Her på vestlandet har vi hatt nokon nydelige sommardagar men temperaturar opp mot 30 grader. Det et helt fantastiskt! Eg har nytta anledninga til å besøke den finaste stranda i mange mils omkrets - Hoddeviksanden! Tenk å vere så heldig å få vakne opp på ein slik utrulig fin stad. Vi overnatta der i telt ei natt, eg og tvilling jentene mine. 

Kortet, ja! Eg snakkar meg rent vekk her :)
Eg har henta med drivved, skjell og sand heim frå Hoddeviksanden
Eg har brukt 2 forskjellige Pion ark - Blue baby blanket, PD4008 og Sailing PD4701
Eg har og brukt papp frå banankasse fordi eg likar så godt fargen på den.
 Eg har brukt Magnolia diesTilda Doily. Eg har sydd alle kantar med symaskin.
Pinup dama har eg funnet på Pinterest og teksten har eg laga sjølv på dataen. Eg har og brukt osteklut.
Nokon charms var eg og nødt til å ha med:)

Vil du vere med på utfordringa # alt er lov, som er på Papirlosjen si side så trykk her!
Er det noko du lurer på så spør du! 

Eg deltek i desse utfordringane med kortet mitt

Ha ein super torsdag!
Nina

søndag 6. juli 2014

Mitt DT bidrag til åpningssermonien i Papirlosjen

Eg fant dette fine vintage bildet på Pinterest som eg berre måtte printa ut. Eg synes det var så behagelig med eit svart/kvitt bilde. Det er printa ut på lerret som er favoritten min til å bruke på vintage kort. 
 
 Eg har sydd kantane med maskin. Eg var ikkje klar over at det fantest forskjellige tjukkelsar på sytrådar.....det sei vel litt om mi erfaring som sydame ;) Tråden eg kjøpte er til for skifting av glidelås og til å sy rundt knappehol, sa dama som solgte meg den. Eg synes det vart veldig fint med så tjukk tråd.
 Eg brukte glatt kartong til underlag. Litt bølgepapp og eit mønsterark i duse fargar frå Pion som heiter
Canus PD4204. 

Eg har og brukt osteklut og litt blondar. Eg brukte Magnolia dies, Swirl. Teksten har eg laga til på dataen og skrevet ut. Eg har brukt MemoryBox, Pastry Labels på teksten.
 Eg har og funnet ut kordan en knyter fine sløyfer :D Har brukt silkeband som er like på begge sidene.
Blomster, perler og knappar må eg og ha på kortet. Også nokon charms i sølv.

Kortet har eg ikkje laga til nokon, og eg veit heller ingen som skal gifte seg så det blir vel liggane i ei skuff til anledninga byr seg. Om du vil sjå meir på bloggen eg er DT i, så stikk gjerne innom Papirlosjen.

Eg deltek i desse utfordringane med kortet mitt:
nordsalten-hobbyklubb - charm,blomster og osteklut

Ha ei fin-fin søndagskveld!