fredag 5. oktober 2012

Det er berre eit tal!!



Eg har rydda i dag! 
I ein blogg eg snubla over såg eg ei som hadde fylt norgesglasa sine med sandkakeformer, å det synes eg var en kjempegod ide :) I iveren over å sjå kor fint det vart tok eg like godt å leita fram alle julemannformene mine og :) Eg fekk reint julestemning av heile styret, men det er vel på høg tid det?! I  nokon butikkar har dei alt plukka fram julestjerner og adventsstakar, så då kan vel eg ha litt "julestæsj" i norgesglasa mine og :) :)


Eg må få lov å skryte av at eg kor kreativ eg har vore i det siste :) Eg har nemlig hekla meg gryteklutar  av jutegarn! Kjenner det er ei stond sida sist eg har brukt "heklemusklane" mine, for etter ein omgong måtte eg strekke ut og kvile handleddet ;) haha :) Å det er faktisk sant! Det kan vere at tråden var tjukk og heklekroken ikkje gjekk så lett på grunn av det, men eg skal definitivt trene opp den muskelen igjen :)
Akkurat denne her ligg under eit Norgesglas som står ved steikovnen, å som eg har fylt med grovsalt. I dei her krabbe/hummertidene må eg sei at eg synest det alt for ofte lukta av havets delikatesser her i huset, å likar ikkje verken det eine eller det andre av dei delikatessene.... Uheldigvis synest resten av husstanden at det er det beste som fins. 
Heldigvis har eg ein hensynsfull mann som rydder og vasker etter seg  <3  


Eg har fått meg vakre blomar i dag, å i den anledning så burde eg vel ha endret infoen min, men det rekk seg vel til ein annan dag... ! Eg blir 40 år i dag! Å det er berre eit tal! Eg kjende ingen forskjell då klokka bikka 12, å lykkelig er eg for det :) 
 Eg burde ha komme meg til sengs då eg tenke å ta ein tur til Stryn i morgon, for ungane har lyst en tur på Strynemesse, å det har egentlig eg og lyst til. Det blir nok ingen storfeiring då systa  mi er i Spania på tur (dritmisunnelig),  og eldste broren er ute på plattform. Men det kjem vel fleire dagar!!
:)
Ha ei fine natt 

Nattaklem frå 
"gamlemor"

tirsdag 2. oktober 2012

Anonyme Scrappere utfordring nr. 1

Eg har laga eit Julegavetag i første utfordringa 




Vi du sjå kven andre som er med på utfordninga så klikkar du HER

Ha ei fine natt :)